Masterhead

Takk for at du besøker landbruksavisen.no. Fyll ut skjemaet under:

Navn/selskap:

E-post:

Overskrift:

Melding:

Statsbudsjettet: Inga satsing på MRSA-tiltak

Publisert fredag 7. oktober

Løyvingane står ikkje i stil til dei uttalte ambisjonane, meiner Norges Bondelag.

Norsk landbruk har høge ambisjonar om eit MRSA-fritt svinehald, og det er også ein ambisjon regjeringa deler. Derfor er det skuffande å lese regjeringas prioriteringar på feltet i årets statsbudsjett.

10 millionar kroner er sett av til forsking på antibiotikaresistens, mens løyvingane til erstatning til dei som må sanere besetningane sine ved MRSA-smitte, ikkje er auka.

– Regjeringa har høge ambisjoner om ei MRSA-fri svinenæring. Eg er skuffa over at ambisjonane ikkje er moglege å sjå att i løyvingane som er gitt, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

Han er glad for at regjeringa vil auke kunnskapen om antibiotikaresistens, men det er ikkje nok, meiner Skorge.

– Kostnadane ved å fjerne MRSA frå svinehaldet er det framleis bøndene som tar. Slik kan det ikkje vere, når dette er ein jobb bonden gjer av omsyn til folkehelsa.

Best i klassen, men bonden betaler.

Noreg er det einaste landet som har lukkast med ein strategi om å halde MRSA-smitte ute av svinehaldet, og dette er noko landbruksminister Jon Georg Dale har fronta i møte med utanlandske kollegaer. Fleire representantar for landbruket i andre europeiske land har besøkt Noreg for å lære om korleis vi jobbar med denne problematikken.

– Dersom norske bønder framleis skal dette ansvaret av omsyn til folkehelsa, må den offentlege kompensasjonen for produksjonstap og sanering aukast ytterlegare. Det blir ikkje tilstrekkelig dekka av forsikringa til den enkelte bonde, slik det blir hevda i statsbudsjettet, seier Per Skorge.

Heller ikkje i budsjettet frå Helse- og omsorgsdepartementet er det løyva store summar til å nedkjempe antibiotikaresistente bakteriar. Berre 6 millionar kroner er sett av til formålet.

Artikkelen har ca. 240 ord.
Nøkkelord: Landbruksminister
Les mer hos Bondelaget

google-468x60a

Share This Post

DeliciousDiggGoogleStumbleuponRedditTechnoratiYahooBloggerMyspaceRSS

selfad-writeart-b